Amerikanskfotball
PÅMELDING DANSEKURS
Forfatter: Therese
04. juni 2025
Forside
Påmelding til DANS i Sula IL er no open!
No er det klart for påmelding til DANSEKURS i Sula IL, og vi gler oss til ein ny sesong full av energi, meistring og idrettsglede!
Viktig informasjon:
- Alle utøvarar – også dei som allereie er medlemmar – MÅ melde seg inn på nytt. Dette gjeld kvart halvår, og er nødvendig for at vi skal ha oppdaterte lister og god oversikt.
- Alle utøvere MÅ melde seg på kurs. Om utøvere kommer til trening uten å vere påmeldt, så kan ein dessverre ikkje delta. Alle som skal delta MÅ vere lagt inn i Spondgruppe.
- Det vil bli arrangert GRATIS trening for alle 1. klassingar. Melder du deg på gratis trening i dans, er det ikkje mogleg å melde seg på gratis trening i andre greiner i idrettslaget. Du har kun 1. times gratis trening i veka.
- Dei som melder seg på GRATIS TRENINGER, og uteblir meir enn tre treninger UTAN å meldt forfall, kan miste plassen sin.
- Betalinga er delt i to avdrag for alle som melder seg inn.
- Du melder deg på for eit halvt år om gongen.
- Det blir sendt ut medlemskontingent på 200 kr for nye medlemmer.
- Treningsåret går frå veke 35 til veke 50.
- Treningsåret for 2026 startar i veke 2 for konkurranselaga og i veke 3 for dei andre laga.
Ferie og fridagar:
- Vi følgjer skuleruta når det gjeld haustferie, vinterferie og påskeferie.
- Jul og sommar har idrettslaget eigne tidspunkt for avslutning.
- Raude dagar i kalenderen er treningsfrie dagar.
Dugnad og eigendelar:
- Alle må rekne med å delta på dugnader i løpet av treningsåret.
- Hovudlaget har eit loddsal i veke 40/41, og her må alle bidra.
- Det vert arrangert juleshow første helga i desember, og dugnad må også påreknast i samband med dette.
- I tillegg har kvart lag sine eigne dugnader. Desse får de informasjon om frå komitéane i god tid.
- Eigendelar til turar må påreknast for dei som er med på konkurranselag.
Vi ser fram til eit nytt halvår med innsats, samhald og mykje danseglede!
Velkomen skal du vere!
PÅMELDINGSLENKE: